|
Me tok den godt merka turen frå Gramstad,
over Lutsifjellet og oppå Bjørndalsfjellet. Og same vegen tilbake. Turen tok 45 min. kvar veg, i passe rask gange. Det er
varierte og steinete stiar, så gode skor er ein fordel.
Ca. halve tida går med til å
bestige ei ganske bratt fjellside. Pausa på toppen blei kort, for
der krydde det av maur!
Dei kuperte stiane og den
lange og bratte motbakken gjer dette til ein ypperleg tur for ein
rask og utfordrande trim.
Og den flotte utsikta som du
får på kjøpet, er av dei sjeldne. |